Hei! Eg gjekk litt i fella og såg at svara skulle vere korte litt for seint. Eg trur eigentleg at dei to fyrste avsnitta dekkjer det meste om det vert for langt med alt saman.
Mvh Asgeir Skauge
1. Hvordan kan lærernes kompetansen innenfor teknologi, pedagogikk og innhold identifiseres ved hjelp av av den planleggings og analysemodellen du har valgt?
TPACK-modellen er ein fruktbar måte å analysere undervisningsopplegget som byggjer på prinsippet kring omvendt undervisning i retorikk på fleire måtar. Innhaldsmessig (CK)har undervisningsopplegget har ein klart definert innhaldsdel som omhandlar dei essensielle omgrepa etos, logos og pathos frå den retoriske delen av norskfaget. Læringsmåla er klart definerte i i samanheng med videoen og teksten som høyrer til, og undervisningsopplegget fordrar vidare elevmedverknad gjennom lesebestilling, bruk av samtavle til gruppearbeid og dialogisk undervisning, samt løysing og innlevering av svar på refleksjonsspørsmål. Dette syner læraren sine pedagogiske vurderingar i forkant (PK). Her er det verdt å merke seg at læringsmåla ikkje betingar ein teknologisk komponent som elevane trenger inngåande trening i for å anvende. Bruken av Youtube og Google Forms til deira respektive formål gjer teknologibruke sømlaus ved hjelp av verkty som er lette og forstå og anvende men likevel betingar at eleven gjer kritiske betraktningar. Likeså er bruken av Padlet til å notere ned stikkord kring emnet til neste time ein teknologisk bruk som fremjer engasjement og utbytet av innhaldsdelen av den omvendte undervisninga på ein pedagogisk måte. Ein kan også tilføye iav andre fordelar ved teknologibruken at modellmoglegheietene som er utnytta i filmen styrkjar bredden av potensielle vegar til læring(TK).
Opplegget som heilskap er innom samtlege av dei tre delane og let komponentane av modellen komplementære kvarandre.
Opplegget «Å skape multimodale boktrailere» kan også med fordel analyserast i lyset til TPACK-modellen. I dette opplegget er det teknologiske komponenten (TK) særs framtredande då læringsmåla ikkje er, som i det andre dømet, definert separat frå det teknologiske området. Produksjonen av ein multimodal boktrailer og refleksjonen kring boklesing/lesebearbeiding er i eit slikt opplegg tett samanvevde. Avgjerdene elevane må ta med omsyn til vektinga av verkemiddel i boktraileren sin, som t.d. lyd, bilde og tale for å skape kontrastar og samspel, medfører fleire prosessar der elevane må ta omsyn til balansering ava handlingsgjengivelse og aukar moglegheitane for kreative løysingar. Dette fordrar at læraren har god nok kjennskap til si eiga elevgruppe og og er i stand til å formidle kunnskapen om litterærere og multimodale verkemiddel på ein forståeleg måte (PK/CK). Ei mogleg fallgruve med ei slik oppgåve er likevel at den teknologiske delen kan gå på bekostning av dei to andre komponentane, då boktrailerproduksjonen i seg sjølv og rekkevidda av moglegheiter programma som er anbefalte gjev kan undergrave dei viktige parallelle læringsmåla knytta til fagkunnskapen. Her er den dialogiske rolla til læraren svært viktig i elevane sin prosess mot det endelege produktet, og samstundes i den tidlege fasen før elevane startar produksjonen.
2. Er de to undervisningsplanene utformet på en slik måte at elevene blir aktive og selvgående i produksjon av digitalt faglig innhold for dypere læring? Hvorfor, hvorfor ikke?
Dei to undervisningsopplegga er begge utforma slik at elevane vert aktive i si eiga læring, men opplegget kring produksjon av multimodale boktrailerer inspirerar i vesentleg høgare grad til sjølvgåande produksjon og djupare læring. Reflekssjonsspørsmåla kring retoriske grep eignar seg godt til å la elevane kombinere kritisk tenkning om tekst, film og modellar før dei avgjer endelege svar i Google Forms, men moglegheitene for djupare læring er sterkare i arbeidet med ein multimodal boktrailer, då elevane i høgare grad må ta avgjersler basert på kva verkemiddel dei vil nytte og undersøkjing av fleire handlingsalternativer.
3. Har undervisningsoppleggene lagt til rette for å få eleven til å fokusere på de rette faglige kunnskapsområdene og dypere læring, samtidig som teknologien blir nyttig i læringen, og ev hvordan?
Begge undervisningsopplegga legg til rette for at elevane fokuserar på viktige faglege kunnskapsomåder og djupnelæring gjennom at dei insentiverer refleksjon og anvending av ulike metodar fram mot eit resultat. Refleksjonsspørsmåla til elevane og den pedagogiske framstillinga i opplegget om retorikk inspirerer til dette, samstundes som opplegget om boktrailarar i endå høgare grad leier elevane gjennom ein prosess som krevjer kritisk tenkning og utforsking i eit domene av av teknologien som gjev fleire handlingsmoglegheiter.
4. Hvor i den valgte analysemodellen vil du plassere de forskjellige elementene når du ser på det teknologiske, faglige og pedagogiske/didaktiske, og begrunn kort hvorfor?
Begge opplegga er innom dei tre hovuddelane av TPACK-modellen, men i opplegget kring retorikk er kompetanseomgrepet i høgare grad fokusert på innhaldsdelen av modellen med teknologiske hjelpemidler, medan opplegget om boktrailarar plasserar seg sterkare i den teknologiske komponenten. Dette er naturleg då elevane vil måtte gjere seg kjend med og bearbeide eit digitalt verkty som t.d. Imovie/VideoPad eller Prezi for å nå læringsmåla i ein lengre prosess.
5. Hva vil en eventuell læring kunne være sett ut fra et elevperspektiv?
Begge opplegga vil i mine auge kunne gi elevane ei form av digital kompetanse, og læring av viktig fagleg innhald. I retorikkopplegget er teknologikomponenten noko sekundær til innhaldet, men bruker digitale løysingar som padlet, google forms etc. på ein måte so aukar elevverknaden samstundes som teknologibruken er effektiv og sømlaus. Innhaldsmessig vil nok elevane i stor grad oppleve læring om dei sentrale omgrepa innanfor retorikken og til ein viss grad også ei opplevelse av metakognitiv læring. I opplegget om boktrailerar vil nok mange elevar oppleve læring gjennom auka mestring av mediumet dei nyttar til produksjon av sjølve traileren, og samstundes læring rundt verdien av ulike verkemiddel i multimodale tekstar. Den digitale kompetansen kan seiast å vere mest framtredande i sistnevnte opplegg, men begge er etter mitt syn eigna som opplegg som kan inspirere til djupnelæring.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar